Open Call
Geiranger lyskunstfestival
2027
Geiranger lyskunstfestival inviterer kunstnarar, lysdesignarar, arkitektar, kreative miljø og nye talent til å sende inn forslag til lyskunstverk for festivalen i 2027. Vi vurderer også moglegheita for Artist in Residence-opphald, meir info om dette lenger ned.
Festivalen finn stad i Geiranger frå 12. til 21. februar 2027, midt i den mørkaste årstida. Vi ønskjer å nytte vintermørket, fjordlandskapet og den særprega bygda som ramme for kunstnariske, arkitektoniske og sanselege lysopplevingar.
Vi er interesserte i både eksisterande og nye verk. Dette kan vere lysinstallasjonar, videoverk, projeksjonar, mapping, interaktive verk eller andre former for lysbasert kunst. Verka kan vere store og synlege på avstand, eller mindre, meir stillferdige og tankevekkjande opplevingar. Felles for alle forslag er at dei må ha høg visuell og kunstnarisk kvalitet, vere gjennomførbare teknisk og økonomisk, og passe inn i Geiranger som stad.
Festivalen går i hovudsak føre seg utandørs. Det er difor viktig at verka toler vintervêr, kulde, vind og nedbør, og at dei kan stå trygt gjennom heile festivalperioden. Vi ber også søkjarar om å ta omsyn til berekraftige løysingar, mellom anna når det gjeld energibruk, materialval og teknisk gjennomføring.
Kva vi ser etter
Vi vil mellom anna vurdere forslaga ut frå:
- kunstnarisk og visuell kvalitet
- korleis verket skaper ei sterk oppleving for publikum
- samspelet mellom verket, landskapet, bygda og verdsarvområdet
- teknisk og praktisk gjennomføringsevne
- robustheit i møte med vintervêr
- berekraftige løysingar
- budsjett og finansieringsbehov
- om verket kan bidra til å skape gode vandreruter og opplevingar i festivalområdet
Det er ein fordel om verket har ei tydeleg kopling til Geiranger, fjorden, landskapet, mørket, lyset, naturen, kulturarven eller menneska som bur her.
Søknaden skal innehalde
Send oss eitt samla forslag med:
- namn på kunstnar/gruppe og kontaktinformasjon
- namn på verket
- kort skildring av verket og den kunstnariske ideen
- forklaring på korleis verket kan relaterast til Geiranger
- foto, skisser, visualiseringar eller annan dokumentasjon
- lenkje til video eller animasjon dersom det finst
- skildring av storleik, format og funksjon
- tekniske spesifikasjonar, inkludert behov for straum, feste, rigg og eventuelle tryggingstiltak
- budsjett, inkludert kva de søkjer festivalen om å støtte
- kort presentasjon av kunstnar/kunstnargruppe, gjerne med portefølje eller referansar
Forslaget må vere realistisk å gjennomføre innanfor festivalen sine rammer. Dersom det er behov for særskild plassering, vert de bedne om å skildre kva slags omgjevnader verket treng for å fungere best mogleg. Festivalen kan bidra med dialog om plassering, teknisk avklaring og samarbeid med relevante lokale aktørar.
Frist og innsending
Frist for innsending er 6. juli 2026. Søknader vert vurderte fortløpande.
Send forslaget til: gunnaringe@verdsarvfjord.no
Merk e-posten med Kunstverk til Geiranger Lyskunstfestival
