10:00-22:00 Norsk Fjordsenter er opent
Norsk Fjordsenter er besøks- og formidlingssenteret for Vestnorsk fjordlandskap og for Geirangerfjorden verdsarvområde. Utstillingane viser det særeigne fjordlandskapet som fekk verdsarvstatus av UNESCO i 2005. Gratis inngong til Fjordsenteret si utstilling for alle som kjøper termokoppen til Fjord Geiranger. Les meir om utstillinga på Fjordsenteret HER. Det blir og matservering frå kl 17-21 her kvar dag under festivalen. Sjå bilete for meny.
19:00-22:00 Lyskunstutstillinga er open!
Opplev dei seks unikt kuraterte kunstverka for Fjord Geiranger 2022 langs den særeigne fossevandringa og utanfor Norsk Fjordsenter. For å få den beste opplevinga av utstillinga, anbefalar vi at dykk startar lyskunstvandringa frå sentrum HER. Ved dette startpunktet vil det vere festival-stand med informasjon og sal av vår termokopp med varm drikke. Meir informasjon om dei enkelte kunstverka og kunstnarane i utstillinga kan du lese HER.
07:30 Lysbading – Geiranger Camping
Er du ein skikkeleg friskus? Kan vi freiste med på eit lysbad i verdsarvfjorden? Vinterbading gir eit kick av glede og energi! Vi ordnar med lys, iskald fjord, varme frå ei bålpanne og varm drikke. Du tar med badesko, badekle, handduk, friskt mot og godt humør! Kanskje gir opplevinga deg ein følelse av meistring eller eufori? Vi syter for ei god stemning rundt bålpanna, så hugs varme klede!

15:00-17:50 Båt frå Ålesund til Geiranger
La bilen stå og ta fjordvegen til og frå festival! Vi samarbeider med Geiranger Fjordservice om eit hyggelig fjordcruise til verdsarvbygda på fredagen – og tilbake søndagen, slik at du kan lene deg tilbake og nyte dei flotte omgjevnadane i fjordlandskapet. Sjå HER for meir informasjon. Geiranger Fjordservice tilbyr óg pakketilbod saman med hotella i Geiranger.
19:00-22:00 Lyskunstutstillinga er open!
Opplev dei seks unikt kuraterte kunstverka for Fjord Geiranger 2022 langs den særeigne fossevandringa og utanfor Norsk Fjordsenter. For å få den beste opplevinga av utstillinga, anbefalar vi at dykk startar lyskunstvandringa frå sentrum HER. Ved dette startpunktet vil det vere festival-stand med informasjon og sal av vår termokopp med varm drikke. Meir informasjon om dei enkelte kunstverka og kunstnarane i utstillinga kan du lese HER.
21:30 Lyskunstpub
Forleng og fordøy kunst- og naturopplevingane saman med nye og gamle vener på våre lyskunstpubar! Både Havila Hotel Geiranger og Hotel Union Geiranger inviterer til hyggelig lyssatt stemning utover kvelden og natta. Denne kvelden blir det konsert på Havila Hotel Geiranger. Sjå bilete for meir info.
07:30 Lysbading – Geiranger Camping
Er du ein skikkeleg friskus? Kan vi freiste med på eit lysbad i verdsarvfjorden? Vinterbading gir eit kick av glede og energi! Vi ordnar med lys, iskald fjord, varme frå ei bålpanne og varm drikke. Du tar med badesko, badekle, handduk, friskt mot og godt humør! Kanskje gir opplevinga deg ein følelse av meistring eller eufori? Vi syter for ei god stemning rundt bålpanna, så hugs varme klede!
08:30 Lysyoga – Norsk Fjordsenter
Merete Myklebust frå Meretes Garden ønsker dykk varmt velkomne til stemningsfull lysyoga på Norsk Fjordsenter. Ho vil halde ei roleg yogaøkt med mjukgjerande øvingar og deileg stretch og avspenning. Med omgjevnader av levande lys blir dette ei magisk og stille stund saman. Gratis for alle som kjøper termokoppen til Fjord Geiranger, kr 100 for andre. Påmelding til boooking@fjordsenter.com. OBS: Begrensa plassar, først til mølla gjeld.
10:00-22:00 Norsk Fjordsenter er opent
Norsk Fjordsenter er besøks- og formidlingssenteret for Vestnorsk fjordlandskap og for Geirangerfjorden verdsarvområde. Utstillingane viser det særeigne fjordlandskapet som fekk verdsarvstatus av UNESCO i 2005. Gratis inngong til Fjordsenteret si utstilling for alle som kjøper termokoppen til Fjord Geiranger. Les meir om utstillinga på Fjordsenteret HER. Det blir og matservering frå kl 17-21 her kvar dag under festivalen. Sjå bilete for meny.
14:00 Konsert i Geiranger kyrkje med Trio BACH
Carolin Eide – piano og cembalo, Evgenii Zhukov – fløyte, Øyvind Skatvedt Robak – fiolin.
Bli med på dans i barokken! Konserten byr på ei reise tilbake til 1700-talet og leikent samspel mellom fløyte, fiolin, cembalo og orgel. Etter kritikerroste konsertar i 2021, er det ein glede å presentere dette lysande ensemblet under lyskunstfestivalen. Billettar til kr 200 kan kjøpast HER (gratis for born). Konserten er eit samarbeid med Festspela i Geiranger.
16:00 Kunstnarmøte – Hotel Union
Vil du vite meir om kunstnarane i 2022 og korleis dei enkelte kunstverka på festivalen har blitt til? Fjord Geiranger inviterar til eit uformelt arrangement der du blir nærmare kjent med festivalkunstnarane, og der dei vil gi oss eit innblikk i dei kunstneriske prosessane som leia fram til utstillinga SPOR 2022.
17:30 Lysyoga – Norsk Fjordsenter
Merete Myklebust frå Meretes Garden ønsker dykk varmt velkomne til stemningsfull lysyoga på Norsk Fjordsenter. Ho vil halde ei roleg yogaøkt med mjukgjerande øvingar og deileg stretch og avspenning. Med omgjevnader av levande lys blir dette ei magisk og stille stund saman. Gratis for alle som kjøper termokoppen til Fjord Geiranger, kr 100 for andre. Påmelding til boooking@fjordsenter.com. OBS: Begrensa plassar, først til mølla gjeld.
19:00-22:00 Lyskunstutstillinga er open!
Opplev dei seks unikt kuraterte kunstverka for Fjord Geiranger 2022 langs den særeigne fossevandringa og utanfor Norsk Fjordsenter. For å få den beste opplevinga av utstillinga, anbefalar vi at dykk startar lyskunstvandringa frå sentrum HER. Ved dette startpunktet vil det vere festival-stand med informasjon og sal av vår termokopp med varm drikke. Meir informasjon om dei enkelte kunstverka og kunstnarane i utstillinga kan du lese HER.
21:30 Lyskunstpub
Forleng og fordøy kunst- og naturopplevingane saman med nye og gamle vener på våre lyskunstpubar! Både Havila Hotel Geiranger og Hotel Union Geiranger inviterer til hyggelig lyssatt stemning utover kvelden og natta. Denne kvelden blir det konsert på Hotel Union. Sjå bilete for meir info.
12:00-15:00 Båt frå Geiranger til Ålesund
Avslutt festivalhelga ved å ta den vakre fjordvegen heim. Fjord Geiranger samarbeider med Geiranger Fjordservice om eit hyggelig fjordcruise tur-retur verdsarvbygda denne helga, så du kan lene deg tilbake og nyte dei flotte omgivnadane i fjordlandskapet.
Sjå HER for meir informasjon om billettar og hotellsamarbeid.