Lyskunstutstilling

 Geiranger 2023

 

 

 

Utstillinga er open mellom
19:00-22:00 den 23.-25. februar.

Oftania

Aleksander Kostopoulos

Underworld

Aleksandra Stratimirovic

Fossegrim

Birk Nygaard

Projeksjon på Vesteråsfjellet

ProjektorPøblene

Music on Display

Benjamin Mørk

Floating Island

Noémi Prud’homme

Tegninger

Thomas Bruvik

The Romance
of the Abandoned Cabin

Victoria Gouzikovski

Seance with the ghost
in the machine

Kjersti Austdal

Disturbing Nature

Christine Istad og Lisa Pacini (IstadPacini ArtLab)

Moon

Randiane Aalberg Sandboe

Dråpe

Martinus Larsen

Utstillinga er open mellom
19:00-22:00 den 23.-25. februar.

Geiranger Lyskunstfestival er støtta av Sparebanken Møre 
og Møre og Romsdal fylkeskommune

Oftania

Musikk: Aleksander Kostopoulos
Lysdesign: Torbjørn Thrane Sandnes

Ut av mørkret stiger kuba!

Innkapsla i ein digital organisme av lyd, lys, stråler, bilder, rytme og sang. Eit eineståande musikalsk sinn flyt ut over alle grenser og åpnar sitt rytmiske kraftsenter. Ein spektakulær opplevelse av dei heilt sjeldne der betraktande sanseapparat får seg ein merkbar kakk i rammeverket. Ut av det visuelle kaoset strøymer harmoniske rytmer og ei silkemyk røst. Forlat kosmos og tre inn i dimensjon ukjent.

Oftania er ein audiovisuell konsertinstallasjon av Aleksander Kostopoulos og videokunstnar Torbjørn Thrane Sandnes. Aleksander er plassert inne i kuba og framfører ei formidabel blanding av perkusjon og elektronikk. Ved hjelp av lys, video og tekstiler glir han saumlaust saman med det visuelle designet. Frå dette kraftsenteret distribuerast også alt lys, video og lyd. Publikum beveger seg fritt rundt kuben i senter av rommet. Dette gjer at ein kan oppdage og kome heilt nær ulike visuelle og hørbare element, avhengig av kvar ein velgjer å stå i rommet. Oftanias tematikk er livet, og livet sin forgjengelege natur. Vi må vakne, vi får det ikkje i reprise.

Aleksander Kostopolous er ein av Norges mest aktive musikarar. Han har spelt saman med Mari Boine, ISAK, Adjagas, Moddi, Marthe Valle og ikkje minst som vokalist og låtskrivar i sitt soloprosjekt.

Musikk: Aleksander Kostopoulos
Lysdesign: Torbjørn Thrane Sandnes

BILLETTAR (kr 200,-/100,-):

Konsert fredag 24/2 kl 21:00 i Vy Bussgarasjen (Ørnevegen 5 i Geiranger sentrum)

Konsert laurdag 25/2 kl 21:00 i Vy Bussgarasjen (Ørnevegen 5 i Geiranger sentrum)

UNDERWORLD

Aleksandra Stratimirovic

Underworld er ein skulpturell installasjon med magisk lysande former som skildrar ei lita undersjøisk busetting. Prosjektet spring ut av eit ønske om å rette merksemd mot det sensitive marine livet og det skjøre kystmiljøet. Underworld er produsert av kassert fiskerimaterial samla inn frå havbotnen langs svenskekysten, med material som vever saman lag av fortellingar og tid. Underworld skildrar ein dimensjon av kvardagen til ein fiktiv sivilisasjon under vatn, med få gjenkjennelege og kjende detaljar – som installasjonen sin urbane karakter, enkle arkitekturformer og den subtile, dynamiske belysninga. Verket har eit lydbilete som kombinerer lydar henta frå hav- og byliv. Underworld koplar seg til det skjøre sjølivet, som ein tenkt passasje som forbinder den kjende verda med ei ukjend imaginær verd.

Serbisk-fødte Aleksandra Stratimirovic har i løpet av dei 25 siste åra satt kraftig preg på det internasjonale lyskunstmiljøet, med sine unike, stads-spesifikke kunstinstallasjonar. Ho har vore utstilt i ei rekkje land, mellom anna på Guggenheim Museum i New York og Jardin du Palais Royal i Paris. Stratimirovic har motteke fleire høgthengande prisar for kunsten sin. Ho er i dag busett i Stockholm. 

Kunstnar: Aleksandra Stratimirovic

Musikk: Leonel Kaplan 

I samarbeid med Sotenäs Marine Recycling Centre

Fossegrim

Birk Nygaard

Fossegrim eller grim er eit overnaturleg vesen eller ein vette som ifølge norsk folketru held til ved elver og særleg fossar og kvernar. Fossegrimen kan skape seg om etter humør, og føler han seg dårleg behandla, kan han stige opp av vatnet som ein skremmande skikkelse. 

I Birk Nygaards oppsetting i Storfossen ønsker kunstnaren å skape eit lysande monument over folketru generelt, og løfte fram den uendelege inspirasjonen som kan haustast frå naturen. Med ein videoprojektor og laserar vil han skape ein straum av lys og bevegelse i symbiose med den evig flytande og brummande fossen.

Birk Nygaard er ein eksperimenterande visuell kreatør som arbeidar med lys, video og teknologi. Med erfaring frå to tiår og samarbeid med musikarar, teater, design og meir ønsker Nygaard å bringe kunstnariske uttrykk til nye høgder.

Nygaard driv også sin eigen lyskunstfestival; Bergen Lights, som ønsker å bringe denne kunstforma ut til befolkninga.

Projeksjon på Vesteråsfjellet

ProjektorPøblene

ProjektorPøblene er eit audiovisuelt produksjonsselskap med ein tydeleg sosial profil. Mads Faste Liang Nilsen er kunstnaren bak dette vågale prosjektet, som gjer Vesteråsfjellet om til eit stort filmlerret der publikum kan oppleve ein tre timars interaktiv projeksjonsmapping kvar kveld under festivalen. Den beste måten å oppleve dette verket er å ta heisen frå resepsjonen på Havila Hotel Geiranger opp til hotelltaket. Der kan du oppleve projeksjonen i samspel med musikk som blir styrt av det visuelle uttrykket. Verket er interaktivt og opnar for at publikum kan vere deltakande i korleis det kunstnariske uttrykket utspeler seg i realtid.

Det majestetiske fjellet som ruver over Geiranger vil vise seg frå ei heilt ny side, og dette massive verket kan opplevast frå heile den nedre delen av bygda. Dette er eit pilotprosjekt – ein kunstnarisk projeksjonsmapping på natur av denne storleiken har aldri vore gjort før.

Music On Display

Benjamin Mørk

Music On Display er ein kunstinstallasjon beståande av eit sjølvspelande piano som er montert i en vêrbestandig arkitektonisk skulptur. Installasjonen er publikumsstyrt og vil lyse opp og spele musikk komponert av den kritikarroste pianisten Benjamin Mørk i hans «Mekanisk Piano»-stil når publikum aktiverer den via ein knapp. «Mekanisk piano» inneber at normalt uønska, mekaniske lydar innarbeidast i pianospelet sin rytmiske del.

Benjamin Mørk har fortid frå metallindustrien, og har konstruert musikkinstallasjonen Music On Display på bestilling frå Bodø2024. Mørk ønskjer å la publikum oppleve musikk i det offentlege rom/naturen «utan å måtte forhalde seg til det kunstnariske ego som ligg i ei tradisjonell liveframføring», slik kunstnaren sjølv uttrykk det. I utviklinga av verket har Mørk vore inspirert av den buddhistiske munkesekten Komuso, som framfører musikk med skjulte ansikt.

Verket er designa og bygd av Mørk i samarbeid med Petersen Blikkenslager, Maritim Sveiseservice, Tromsdalen Elektro, Lydproduksjon, Nordmetall og Thomas Myrv.

Link til musikken: https://spoti.fi/3Ffpy62 

Instagram: @Benjaminmork 

Floating Island

Videomapping: Noémi Prud’homme / noemiprudhomme.fr 

Lyd: Yohan Dumas / yohandumas.com

Floating Island er eit kunstverk som tar ei fantastisk øy med til nabolaget. Fylt av mønster, beveger den gamle låven seg i bølgene og forvandlar seg til ei ny verd fylt av skjønnheit. Steinar vert til dyrebare edelsteinar, dørene minner om inngangar til eit palass, vindauga formar seg til bua treverk. I all si kompleksitet samlar ornamenta seg på arkitekturen, og tar oss med på ei lysande reise inn i fantasien.

Noémi Prud’homme er ein fransk biletkunstnar som jobbar med papir og lys. Ho utforskar fantasien ved å bruke optiske illusjonar med ornament og uendelege mønster.

I sitt videomapping-kunstverk samarbeidar ho med Yohan Dumas, ein fransk lydkunstnar som fokuserer på improvisasjon.

Videomapping: Noémi Prud’homme / noemiprudhomme.fr 

Lyd: Yohan Dumas / yohandumas.com

Tegninger

Thomas Bruvik

Tegninger er eit verk som omhandlar naturen og vårt samspel med den. Ved å teikne mjuke linjer av lys i ei naturscene søker verket å finne samanhenger mellom kunstige og naturlege landskapselement.

Linjene forlenger eller forhindrar eksisterande strukturar i terrenget og forskyver oppfatninga av landskapet. Gjennom linje og fargebruk ønskjer kunstnaren å generere abstrakte assosiasjonar med direkte kobling til landskapet det er plassert i.

Verket er stadsspesifikt. Tegninger har tidligare vore utstilt under Bergen Lights og Fjell Festning Lysfestival.

Thomas Bruvik arbeider med lys- og videodesign og -teknikk. Han har bakgrunn frå scenekunstmiljøet i Bergen og arbeider med kompani som 71Bodies og Carte Blanche.

www.thomasbruvik.com

Foto frå Bergen Lights av Øystein Haara 

Takk til Bergen Lights og Birk Nygaard

The Romance of the Abandoned Cabin

Victoria Gouzikovski

The Romance of the Abandoned Cabin utforskar auraen rundt den forletne hytta vi kan møte på i skogen. Den forletne hytta med lyset på utgjer eit fyrtårn av håp og eit teikn på tryggleik, men kan óg vere eit illevarslande symbol, der vi ikkje veit kva som skjular seg innanfor døra.

Prosjektet jobbar med denne tvitydigheita ved å plassere et nettverk av alternative hytter i mørket i vinterfjordane. Den stadspesifikke installasjonen hentar inspirasjon frå hyttene i den norske villmarka. Utan dører eller vindauge har desse hyttene ei radikal openheit for naturen og besøkande.

Victoria Gouzikovski er ein tverrfagleg kunstnar som jobbar med alternative format, antidisiplinær kunstnarisk forsking og mothegemonisk design, med fokus på studiet og konstruksjonen av heterotopier. Frå januar til mars er Victoria Artist-in-Residence i Geiranger.

Seance with the ghost in the machine

Kjersti Austdal
Musikk: Nicholas Rakita

Ei utforsking av glimtet i webkameraet som fanger auget ditt idet du scrollar YouTube kl. 02 om natta. Fins det eit spekter i softwaren, ein gnist av medvit spunne gjennom verdsveven? Kan vi lette på sløret og opprette kontakt med den andre sida av skjermen?

Seance with the ghost in the machine er ein multimedie-installasjon sentrert rundt ein skulptur laga av dataskjermar. Lys og tekstfragment vert forvrenga og reflektert mot verket sine omgivnader og skaper ei hypnotisk atmosfære.

Kjersti Austdal er ein biletkunstnar basert i Oslo. Ho er ein samlar som demonterer funne objekt og sett dei saman i nye kombinasjonar. Dei siste åra har ho laga verk som utforskar digital teknologi frå eit mytologisk perspektiv. Ho har hatt ei rekke utstillinger nasjonalt og internasjonalt, og er representert i samlinga til Noregs Bank. 

Disturbing Nature

Christine Istad og Lisa Pacini (IstadPacini ArtLab)

Disturbing Nature er eit kunstprosjekt av Christine Istad og Lisa Pacini, som inkluderer ein serie videoverk filma om natta  medan kunstnarane har hatt opphald ved Skåbu i Nord-Fron kommune. Posisjonert mellom det dystopiske og det mirakuløse, maner filmane fram reaksjonar til det vi ikkje ønskjer å ta inn over oss i vårt destruktive forhold til omgjevnadane våre, og til det ukjente.

Kunstnarane har utvikla ein eigen teknikk for å lage verka, og dette forsterkar filmane sitt preg av mystikk. Enkelte av bileta leier tankane til eit mogleg katastrofalt scenario, som etterdønningar av giftige utslepp. Gullstøv som sakte spreiast over stilleståande plantar og organisk materiale, som framstår som skulpturelle objekt, gir assosiasjonar til lava og eld, vulkanutbrot og skogbrannar forårsaka av ein overoppheta klode.

Det norskamerikanske kunstnarkollektivet IstadPacini ArtLab har samarbeida om ei rekke kritikarroste prosjekt, som det stadspesifikke prosjektet Traveling SUN som turnerte i årevis før det vart kjøpt inn av KORO. Christine Istad er ein norsk kunstnar som jobbar mest innan foto, video og installasjon, og har hatt separat- og gruppeutstillinger på leiande institusjonar både i Noreg og internasjonalt i ei rekke land. Lisa Pacini er ein amerikansk kunstnar som har budd og arbeida i Noreg i 30 år. Ho fokuserer på eigenproduserte, offentlege, stadspesifikke prosjekt, m.a. på lokasjonar som Det Nasjonale Kunstnerhuset i Oslo, Slottshagen i Oslo, og det fhv. Operahuset. Ho har stilt ut internasjonalt i m.a. Tyskland og Nederland, og var initiativtakar til det feministiske kunstprosjektet The First Supper Symposium. 

Moon

Randiane Aalberg Sandboe

Moon er eit verk skapt av lysdesignar Randiane Aalberg Sandboe i samarbeid med utstillingsarkitekt Geir Olav Sebjørnsen i anledning Fjell Festning Lysfestival i 2020. Moon vart der projisert på eit stort sirkelforma lerret ute i naturen. I løpet av den kunstnariske prosessen oppstod eit ønskje om å kome tettare på månen, nærmast ei kjensle av at månen var blitt henta ned frå himmelen. Ved hjelp av ein lysdesignar si evne til å ta i bruk sceniske verkemidlar og ein utstillingsarkitekt sitt blikk for å skape store opplevingar, har månen fått ein varme som gløder i mørket – og ei gjennomsiktigheit som utforskar det som ligg bakanfor det vi kan sjå… Kva ser du?

Randiane Aalberg Sandboe er ein uavhengig lysdesignar og kunstnar busett i Bergen. Ho har interesse for både scenelys, arkitektonisk belysning og lyskunst som påvirker designa hennar. Hovudinteressa ligg i utforskinga av korleis lys kan forsterke eit rom sin struktur og historie, og korleis lysdesign kan påverke både oss og planeten i ein sunn og berekraftig retning. Ho har jobba som scenelysdesignar hovudsakeleg innan teater og dans, m.a. for Den Nationale Scene, Bright, M12 og festivalar som Vill Vill Vest og Bergen Dramatikkfestival. Sandboe har jobba med regissørar og koreografar som Lene Therese Teigen (NO), Ludvig Uhlbors (SV), Andrea Spreafico (IT) og Miriam Prestøy Lie (NO).

Kunstnar: Randiane Aalberg Sandboe i samarbeid med Geir Olav Sebjørnsen og Fjell Festning Lysfestival

Dråpe

Martinus Larsen

I verket Dråpe ønskjer kunstnaren å skape ei magisk eller draumeaktig atmosfære. Han let pastellfarga lys skine slik at det vert reflektert på overflata av elvestraumane. Slik vert den levande krafta i vatnet framheva. Lys og vatn samhandlar for å skape ei form av rørsle og puls. Vasstraumane i elva vert synleggjorde som ein del av eit unikt og levande system. Sjølv om vasstraumane har ei enorm kraft, er vatnet ein del av eit skjørt krinslaup som vi alle er avhengige av. Lys-pulsane er meinte som eit bilete på den pulserande rytmen i livet, og den kontinuerlege straumen av vatn skal symbolisere den evige syklusen i naturen.