Arrangement i 2023

Torsdag 23. februar

19:00-22:00 Lyskunstutstillinga er open!

Opplev dei tolv unike kunstverka for Geiranger Lyskunstfestival 2023 langs den særeigne fossevandringa og i Geiranger sentrum. Heile utstillinga er gratis, men det er billettsal til konsertar med Oftania fredag og laurdag kl 21:00, og til konserten i Geiranger kyrkje på laurdag kl 18:00. HER er kart over heile festivalen.

Meir informasjon om dei enkelte kunstverka og kunstnarane i utstillinga kan du lese HER.

Fredag 24. februar

18:30-20:30 Geiranger Galleri er open

Geiranger Galleri opnar opp dørene for lyskunstgjestar! Her finn du heile 3 etasjar med fargerik kunst frå kunstnar Ola Liland og det ypperste av kunsthandtverk frå Vestlandet.

19:00-22:00 Lyskunstutstillinga er open!

Opplev dei tolv unike kunstverka for Geiranger Lyskunstfestival 2023 langs den særeigne fossevandringa og i Geiranger sentrum. Heile utstillinga er gratis, men det er billettsal til konsertar med Oftania fredag og laurdag kl 21:00, og til konserten i Geiranger kyrkje på laurdag kl 18:00. HER er kart over heile festivalen.

Meir informasjon om dei enkelte kunstverka og kunstnarane i utstillinga kan du lese HER.

21:00-22:00 Oftania – Vy Bussgarasjen, Ørnevegen 5 i Geiranger sentrum

Oftania er ein audiovisuell konsertinstallasjon av musikar Aleksander Kostopoulos og videokunstnar Torbjørn Thrane Sandnes. Aleksander er plassert inne i ei kube og framfører ei formidabel blanding av perkusjon og elektronikk. Ved hjelp av lys, video og tekstil glir han saumlaust saman med det visuelle designet. Publikum beveger seg fritt rundt kuben i senter av rommet. Dette gjer at ein kan oppdage og kome heilt nær ulike visuelle og hørbare element, avhengig av kvar ein vel å stå i rommet. Oftanias tematikk er livet, og livet sin forgjengelege natur. Vi må vakne, vi får det ikkje i reprise.
Billettar kr 100,-/50,- kjøpast HER eller i døra. Obs: Begrensa antal billettar.

17:00 – 01:00 LysPUB på Brasserie Posten

Forleng og fordøy kunst- og naturopplevingane saman med nye og gamle vener på lyspuben! Brasserie Posten inviterer til hyggeleg lyssett stemning og serverer enkel, digg kveldsmat fredag og laurdag. Ta med deg vener og familie til Geiranger denne helga og opplev den spektakulære lyskunst-utstillinga mellom eit godt måltid og noko godt å drikke. 

22:15-23:15 Nattcruise på Geirangerfjorden

Som ein kontrast til den vakre lyskunsten i Geiranger sentrum, tilbyr festivalen ei unik moglegheit til å få oppleve Geirangerfjorden i stummande mørke! Nattcruiset seglar roleg inn i verneområdet, der ingen kunstige lys kjem til. 

Sjå føre deg å sitte på dekk midtfjords i ein mørklagt båt, medan du får oppleve totalt mørke, akkompagnert av ein stemningsfull solokonsert med musikaren Ole Jørn Myklebust. Kanskje er du så heldig å få studere stjernene, nordlyset eller eit trolsk, mørkt og stille fjordlandskap? Aldri før har vi invitert gjestar med på ei slik oppleving, DU kan bli blant dei første! 

Oppmøtepunkt er HER

Vi låner deg gjerne ein termodress for turen, denne får du ved ombordstigning på kaia i Geiranger og vi serverer varm drikke under turen. Bli med på eit unikt nattcruise på verdsarvfjorden!

Klikk HER for billettar.

Laurdag 25. februar

07:30 Lysbading

Er du ein skikkeleg friskus? Kan vi freiste med på eit lysbad i verdsarvfjorden? Vinterbading gir eit kick av glede og energi! Vi ordnar med lys, iskald fjord, varme frå ei bålpanne og varm drikke. Du tar med badesko, badekle, handduk, friskt mot og godt humør! Kanskje gir opplevinga deg ei kjensle av meistring eller eufori? Vi syter for god stemning, hugs varme klede! Påmelding her: post@fjordsenter.com 

18:00-18:45 Konsert i Geiranger kyrkje

Landskap, tonar, bilete

Sigbjørn Apeland & Nils Økland

Agnieszka Ostrowska & Maciek Jencz
Ei unik forestilling med bilete frå området av dei to fantastiske fotokunstnarane Agnieszka Ostrowska og Maciek Jencz, sett saman med musikk av og med to av dei mest erfarne musikarane i kongeriket, Sigbjørn Apeland (orgel/harmonium) og Nils Økland (fele, hardingfele).
I samarbeid med Stiftinga Mrs. Gertrude Mary Marsh-Looi og Sparebanken Møre.
Billettar i døra. Vaksne 200 kr, born 50 kr

18:30-20:30 Geiranger Galleri er open

Geiranger Galleri opner opp dørene for lyskunstgjestar! Her finn du heile 3 etasjar med fargerik kunst frå kunstner Ola Liland og det ypperste av kunsthandtverk frå Vestlandet.

19:00-22:00 Lyskunstutstillinga er open!

Opplev dei tolv unike kunstverka for Geiranger Lyskunstfestival 2023 langs den særeigne fossevandringa og i Geiranger sentrum. Heile utstillinga er gratis, men det er billettsal til konsertar med Oftania kl 21:00, og til konserten i Geiranger kyrkje kl 18:00.
HER er kart over heile festivalen.

Meir informasjon om dei enkelte kunstverka og kunstnarane i utstillinga kan du lese HER.

21:00-22:00 Oftania – Vy Bussgarasjen, Ørnevegen 5 i Geiranger sentrum

Oftania er ein audiovisuell konsertinstallasjon av Aleksander Kostopoulos og videokunstnar Torbjørn Thrane Sandnes. Aleksander er plassert inne i ei kube og framfører ei formidabel blanding av perkusjon og elektronikk. Ved hjelp av lys, video og tekstil glir han saumlaust saman med det visuelle designet. Publikum beveger seg fritt rundt kuben i senter av rommet. Dette gjer at ein kan oppdage og kome heilt nær ulike visuelle og hørbare element, avhengig av kvar ein vel å stå i rommet. Oftanias tematikk er livet, og livet sin forgjengelege natur. Vi må vakne, vi får det ikkje i reprise.
Billettar kr 100,-/50,- kjøpast HER eller i døra. Obs: Begrensa antal billettar.



17:00 – 01:00 LysPUB på Brasserie Posten

Forleng og fordøy kunst- og naturopplevingane saman med nye og gamle vener på lyspuben! Brasserie Posten inviterer til hyggeleg lyssett stemning og serverer enkel, digg kveldsmat fredag og laurdag. Ta med deg vener og familie til Geiranger denne helga og opplev den spektakulære lyskunst-utstillinga mellom eit godt måltid og noko godt å drikke. 

Søndag 26. februar

07:30 Lysbading

Er du ein skikkeleg friskus? Kan vi freiste med eit lysbad i verdsarvfjorden? Vinterbading gir eit kick av glede og energi! Vi ordnar med lys, iskald fjord, varme frå ei bålpanne og varm drikke. Du tar med badesko, badekle, handduk, friskt mot og godt humør! Kanskje gir opplevinga deg ei kjensle av meistring eller eufori? Vi syter for god stemning, hugs varme klede! Påmelding her: post@fjordsenter.com