Open Call
Artist in Residence
Geiranger – Møllstunet
Geiranger lyskunstfestival og Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv inviterer kunstnarar til å søkje kunstnaropphald (Artist in Residence) i Geiranger.
Gjennom AIR Geiranger ønskjer vi å leggje til rette for kunstnarlege arbeidsopphald i eit av dei mest særmerkte fjordlandskapa i verda. Geirangerfjorden er del av UNESCO-verdsarven Vestnorsk fjordlandskap, og har gjennom tidene inspirert kunstnarar frå inn- og utland. No inviterer vi kunstnarar til å arbeide stadspesifikt med lys, landskap, mørke, kulturarv og lokalsamfunn fram mot Geiranger lyskunstfestival.
Opphaldet skjer på Møllstunet i Geiranger, eit freda tun med sterk lokal kulturhistorisk verdi. Kunstnaren får fri bustad under opphaldet og tilgang til verkstad/kontor på Norsk Fjordsenter. Målet er å gje tid, rom og nærleik til staden, slik at kunstnaren kan utvikle eit verk som skal presenterast under Geiranger lyskunstfestival 2027.
Om opphaldet
Vi lyser ut Artist in Residence-opphald på 2–6 veker i perioden oktober–februar.
Opphaldet omfattar:
- fri bustad på Møllstunet i Geiranger
- tilgang til verkstad/kontor på Norsk Fjordsenter
- moglegheit til å arbeide tett på verdsarvlandskapet, bygda og lokale fagmiljø
- moglegheit for å inkludere verkstad eller aktivitet for barn og unge som del av prosjektet
Søkjar dekkjer kost sjølv. Andre praktiske og økonomiske vilkår må avklarast i samband med avtale.
Kunstnarisk resultat
Kunstnaren skal arbeide fram eit verk som skal presenterast under Geiranger lyskunstfestival. Verket vert honorert. Pris, omfang og produksjonsvilkår skal avtalast på førehand.
Øvrige vilkår rundt verket følgjer dei same vilkåra som i open call-utlysinga for Geiranger lyskunstfestival. Dette gjeld mellom anna avklaringar knytt til produksjon, teknisk gjennomføring, visingsperiode, dokumentasjon, rettar, tryggleik, montering og demontering.
Kven kan søkje?
Utlysinga er open for profesjonelle kunstnarar og kunstnargrupper som arbeider med lyskunst, stadspesifikk kunst, installasjon, lyd, video, scenografi, digital kunst, tverrfaglege uttrykk eller andre relevante kunstformer.
Vi er særleg interesserte i prosjekt som tek utgangspunkt i eitt eller fleire av desse temaa:
- fjordlandskapet som kunstnarisk rom
- kulturarv, freda bygg og vern gjennom bruk
- natur, klima og berekraft
- lokalsamfunn, stadstilhøyrsle og vinterliv
- barn og unge som deltakarar eller medskaparar
- møte mellom kunst, teknologi og natur
Geiranger lyskunstfestival har tidlegare arbeidd med stadspesifikke kunstverk der fjellsider, fossar, vatn, tre og bygderom har vore viktige element i kunsten. Festivalen er bygd opp som ei sosial, inkluderande og utandørs oppleving av kunst, lys og natur i vinterhalvåret.
Innhald i søknaden
Søknaden må tydeleg opplyse om at du søkjer på Artist in Residence Geiranger – Møllstunet.
Søknaden skal innehalde:
- namn, kontaktinformasjon og kort kunstnarbiografi
- CV og lenkje til portefølje/nettside
- kort prosjektskildring
- skisse eller førebels idé til verket
- ønskt tidsrom for opphald, innan perioden oktober–februar
- ønskt lengd på opphaldet, 2–6 veker
- tekniske behov og førebels produksjonsplan
- førebels budsjett og finansieringsplan for prosjektet, inkludert honorar/pris for verket, produksjonskostnader og eventuelle stadfesta eller planlagde finansieringskjelder.
- om prosjektet kan inkludere verkstad, samtale eller aktivitet for barn og unge
- eventuell relevant erfaring frå stadspesifikke prosjekt, offentlege rom eller lyskunst
Verkstader for barn og unge
Det kan vere aktuelt å knyte verkstader eller medverknadsaktivitetar for barn og unge til AiR-prosjektet. Dette kan til dømes vere ein praktisk workshop, ei kunstnarsamtale, eit skuleopplegg eller ein prosess der barn og unge får innsikt i korleis eit kunstverk blir utvikla.
Dersom dette er relevant for prosjektet ditt, ber vi deg skildre det i søknaden. Smart Fjord Kultur legg vekt på at born og unge kan få innsikt i kunstnariske prosessar og vere medskaparar i offentlege, fysiske og digitale rom.
Vurdering
Søknadene vert vurderte etter:
- kunstnarisk kvalitet
- relevans for Geiranger lyskunstfestival
- stadleg forankring i Geiranger, verdsarven eller Møllstunet
- gjennomførbarheit innan tid, økonomi og tekniske rammer
- potensial for publikumsoppleving
- eventuell verdi for barn, unge og lokalsamfunn
- korleis prosjektet kan bidra til å utvikle AIR Geiranger vidare
Om AIR Geiranger
AIR Geiranger er ein del av Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv si satsing på kunst, kultur og kreative næringar i verdsarvområdet. Målet er å utvikle eit program der kunstnarar kan kome til Geiranger, hente inspirasjon, arbeide og gje noko tilbake til lokalsamfunnet.
Søknadsfrist 6.juli 2026
Send søknaden til: gunnaringe@verdsarvfjord.no
Merk e-posten med Kunstnaropphald Geiranger Lyskunstfestival
