Hovudsponsor: Sparebanken Møre
the&
Ei sansande installasjon av svevande og lysande ribbemanetar i ulike storleikar. Inspirert av den biologiske transformasjonen frå larve til manet, og korleis dei veks i tusental under rette forhold. I møte med fjordlandskapet i Geiranger blir verket ei rørsle av lys og lyd, der natur møter kunst i eit felles rom.
Anže Kreč
Anže Kreč er ein lyskunstnar som arbeider innan teater, film, arkitektonisk lysdesign og lysinstallasjonar. Arbeidet hans utforskar lyset si evne til å forvandle rom, persepsjon og kjensler. Som medlem av Lighting Guerrilla og borgar av NSK (Neue Slowenische Kunst), tek han i bruk eksperimentelle og konseptuelle tilnærmingar til lys og belysning.
The Knot er ein sjølvforsynt lysinstallasjon som knyter saman den analoge og digitale verda gjennom ei fleirdimensjonal sløyfe.
Deltakarane vert inviterte til å reflektere over både samfunnssystem og personlege strukturar – ved å produsere energi manuelt med sveivgeneratorar. Dette vert visualisert gjennom ein sentral, lysande skulptur.
Aleksandra Stratimirovic
Ei stadspesifikk rominstallasjon, i samarbeid med Marine Recycling Center i Sotenäs, Sverige.
Shapes er former inspirert av vindens rørsle og dei stadig skiftande straumane i havet. Gjennomsiktige figurar laga av gjenbrukte fiskereiskapar svevar i rommet, levandegjort av lysleik og vinden si koreografi.
Verket er ei vidareføring av Underworld, vist i Geiranger i 2023 – eit møte mellom kunst, natur og gjenbruk, der form, stad og rørsle står i sentrum.
Projektorpøblene
I møtepunktet mellom lys, lyd og landskap ligg årets verk frå ProjektorPøblene. Installasjonen tek utgangspunkt i fjorårets arbeid i Storfossen – eit verk der idé og materiale blei forma på staden, i direkte dialog med is, vatn og stein.
I år går prosjektet djupare inn i fossens strukturar. Lys og lyd vert brukte til å skilje ut og framheve ulike element – stein, is, vatn – som eigne stemmer i eit polyfont verk. Målet er ikkje å fylle landskapet, men å hente fram det som allereie finst der – under overflata.
Verket er stadsspesifikt og forandra gjennom tid. Det veks fram i ein slags tillit mellom kunstnar og landskap, der fossen sjølv blir ein aktiv del av uttrykket.
Publikum inviterast inn i ein audiovisuell samtale – der naturen ikkje berre vert vist fram, men svarar tilbake.
Matej Bizovicar
Musikk: Josip Marsic / Kroatia
Ein monumental installasjon med deltaking frå barn ved grunnskular i Noreg, Sverige og Slovenia.
Mycel er eit underjordisk nettverk av sopp som er avgjerande for økosystema:
Det bryt ned organisk materiale, resirkulerer næringsstoff og bind saman planterøter i eit stille og samarbeidande fellesskap. Ofte usynleg og oversett fungerer det som eit naturleg internett – eit system som utvekslar informasjon, held balansen og legg til rette for nytt liv.
Det internasjonale prosjektet Field of Mycelium er inspirert av denne naturlege logikken: nedbryting, gjenbruk og samanheng. Barn frå ulike bakgrunnar skaper lysande, sopp‑liknande objekt av resirkulerte materiale – ting som elles ville blitt rekna som avfall. Slik mycelet sjølv verkar i det stille, nyttar prosjektet kunst for å styrkje økologisk medvit, fellesskap og tverrkulturelt samarbeid.
Kvar verkstad og kvar ny utstillingsstad utvidar «feltet», som veks organisk og relasjonelt – akkurat som i naturen. Dette er ikkje berre ei estetisk utstilling, men ei levande påminning om at gjennom nedbryting, samarbeid og gjenbruk kan ei berekraftig framtid vekse fram. Sjølv frå mørkret av forureining kan noko lysande gro – om vi skaper det saman.
CMC
Car Crash, Insomnia, Burnout and Love er eit analogt lysshow – ei unik, audiovisuell oppleving av lyd og lys som skjer her og no. Framsyninga er både ei visuell konsertpremiere for komponist Martin Smoge sitt komande album, og eit kunstnarleg samarbeid med visuell kunstnar Cecilie Hole. Med inspirasjon frå den psykedeliske tradisjonen frå liquid light shows på 1960- og 70-talet, vert uttrykket løfta inn i ei ny tid og sett i ein ny kontekst: mellom fjord og fjell i Geiranger: Eit analogt, levande lysshow der musikk og flytande oljefargar smeltar saman i sanntid. Ved hjelp av tre overheadprojektorar, live-miksa oljefarge-komposisjonar, webkamera og projeksjon, vert det skapt ei omsluttande oppleving der lys og lyd er tett vovne saman. Musikken styrer intensitet, rytme og fargebevegelse i lyset, og det organiske, analoge uttrykket gjer kvart sekund unikt og uforutsigbart.
Ant Dickinson
Hengande holografisk projeksjon med lyd
Frå eit sentralt punkt veks lysformer ut i lufta – som digitale plantar i stadig utvikling. Bloom er ein hengande holografisk projeksjon der veksten blir styrt av lyd. Musikken formar dei generative mønstra i sanntid, og set i gang ei visuell rørsle som aldri er heilt lik.
Verket behandlar lyd som ein skapande kraft: ikkje berre eit bakteppe, men ei drivkraft for vekst.
Ved å knyte saman organisk vekst, respons og teknologi, inviterer Bloom publikum til å sjå på vekst som noko meir enn form – som ein levande, dynamisk prosess i stadig samspel med omgivnadene.
Those Guys Lighting
Kva om natta hadde draumar – merkelege, lysande og fulle av rørsle? Shining Fields inviterer deg inn i eit landskap der slike draumar får liv.
Over 400 høge lysstrå, plasserte som ville strå i eit ope landskap, pulserer i skiftande bølgjer av farge. Eit koordinert lysspel glir gjennom installasjonen, saman med eit lagvis og rikt lydlandskap. Lys og lyd beveger seg i takt, og skapar ei roleg, rytmisk stemning – ein stad mellom vind, pust og tanke.
Stråa står i eit fritt og naturleg mønster, som om landskapet sjølv har dyrka dei fram. Publikum kan gå tett på, eller observere på avstand. Nærkontakt gir ei omsluttande, nesten utanomjordisk oppleving. Sett frå lengre hald, gløder og beveger installasjonen seg som ein draum – midt mellom røynd og fantasi.
Those Guys Lighting
I sentrum av denne installasjonen står ein lysande ring av 24 laserstrålar – eit sirkelforma rom for sansing, stillheit og forvandling.
Divine Geometry er meir enn ei visuell oppleving. Det er ei reise innover. Mange av dei som har møtt verket, har blitt djupt rørt – somme til tårer. Nokre blir verande i timevis.
Den spesialkomponerte lydsporet på 30 minutt, skapt i samarbeid med den latviske lydteknikaren og prisvinnaren Pēteris Pāss, dreg publikum inn i ei rytmisk, meditativ rørsle.
Installasjonen undersøkjer samspelet mellom kompleksitet og harmoni i naturen. Ringen symboliserer liv, rytme, og den matematiske skjønheita som bind alt levande saman.
Birk Nygaard
Ringar Rundt Verda er tenkt som ei refleksjon over det vi vel å verna og halda nært. Denne første ringen etablerer grunnideen i prosjektet.
Ringen omsluttar eit levande tre og rammar inn naturen som både verdifull og sårbar. Den sirkelforma strukturen skaper eit rom for stillheit og nærvær, og inviterer dei som kjem til å stiga inn med det dei set høgast – familie, vennskap og håp.
Blekksprut1
Eit enkelt lys – og alt forandrar seg.
Let there be light er ei stadsspesifikk lysinstallasjon inspirert av skaparkrafta og det særprega rommet i Geiranger kyrkje. Her vert det historiske interiøret ikkje berre opplyst, men aktivert – som om sjølve treverket byrjar å puste.
Verket spelar på dualiteten mellom det evige og det foranderlege. Det opnar eit rom for kontemplasjon, der skapinga ikkje er noko som skjedde ein gong – men noko som skjer, her og no, i lys og skugge, i tre og tonar, i stillheit og undring.
