Geiranger Lyskunstfestival er støtta av Sparebanken Møre
og Møre og Romsdal fylkeskommune
Those Guys Lighting (LT)
Stad: Maråkvegen
«On the wave of light» er ei reise inn i lysets pulserande verd, kor du som betraktar blir ein aktiv del av å skape kunst. Å samhandle med dette kunstverket fungerer som ei påminning om nærværet av lys i liva våre, som ofte går ubemerka hen. Ikkje vær redd, gå inntil og sjå lysvibrasjonene følge kvart trinn.
Randiane Aalberg Sandboe
Location: 8-kanten, underetasje Havila Hotel Geiranger
«Invisible Visible» er skapt som ein invitasjon inn i mørket. Visuell kunstnar og lysdesignar Randiane Sandboe har ønska å bringe fram den klare stjernehimmelen, til påminning om at tussmørket og stjernene framleis fins om vi slår av belysninga. Den omslukande installasjonen står i eit lystett rom, og Sandboe oppfordrar publikum til å gå inn i containeren, stå der eit par minutt slik at pupillane blir vant til mørket, og oppleve eit sjeldent, mørkt og undrande univers.
Birk Nygaard
Stad: Westerås mountain
Som ein oppfølgar til fjordårets «Fossegrimen» går Nygaard djupare inn i norsk mytologi, nærare bestemt inn i den norrøne skapingsmyta. Projisert på Westeråsfjellet vil du under Geiranger Lyskunstfestival bevitne kunstnaren sitt portrett av “ur-vesenet» som Snorre Sturlason skildrar i «Den yngre Edda».
– Jotnen Yme som verda er sett saman av.
Med seg i verktøykassa har Nygaard hjelpemiddel frå ei heilt anna tid enn då Snorre skreiv. – Generativ Kunstig Intelligens (KI) har dei siste åra dominert mediebildet, og kunstverda forargast av det som blir omtalt som ein vampyr på menneskeleg kunsthistorie. Denne merkverdige nye krafta som set saman nye bilde basert på eit hav av kunstneriske uttrykk og gjenkjende formspråk, i fri kombinasjon, fråtsar i alt det som menneske har skapt. På mange måtar er KI dataalderens svar på dei eigenskapane Snorre gav Mime, vaktaren av kunnskapens brønn. – Dette må då vere ein passande måte å setje saman eit portrett av Yme på.
– Kan KI seiast å vere for menneskelege åndsverk det same som menneska er for naturen?
Nygaard inviterer til refleksjon om desse forhalda, når kunstnaren tek regi over KIen si portrettering av verdens «byggjesteinar» i følge Snorre Sturlason.
Som lydspor til det heile har Karl Seglem laga ein dystoptimistisk grungedrone.
Utdrag fra gudelæra:
“Snorre forteller i Gylvaginning om hvordan Yme og verden blir til. I tidenes morgen renner elvene Elivåger fra brønnen Hvergelme, som ligger i det kalde tåkelandet Nivlheim. Når elvene når Ginnungagap, fryser de til is. Fra elvevannet strømmer giftig damp som også fryser og danner lag på lag med rim.
På den andre siden av Ginnungagap finnes ildverdenen Muspelheim. Varmen herfra får rimet som er dannet ved Elivåger, til å smelte og dryppe. Av de giftige dråpene oppstår jotnen Yme. Større kjempe skal aldri ha levd.
Ymes etterkommere, Odin og brødrene hans – Vilje og Ve – gjør opprør mot Yme og slekten hans. Det ble en veldig kamp som Odin og brødrene hans vinner.
Æsene slepte den døde Yme midt ut i Ginnungagap og la ham som et lokk over avgrunnen. Blodet hans ble til hav og kjøttet til land. Knoklene ble til fjell og klipper. Tennene og knuste bensplinter ble til steiner og ur, mens håret ble til trær og gress. Hjernemassen hans kastet gudene høyt opp i luften, og slik ble skyene til. Hodeskallen ble satt som en hvelving, og ble til himmelen. Gudene fanget gnister fra Muspellheim og festet dem til hodeskallen, slik at vi fikk sol, måne og stjerner.”
Noémi Prud’homme (videomapping), Yohan Dumas (musikk)
Stad: Geiranger kyrkje
«Rosemalingen vokser» er et kunstverk som bruker de tradisjonelle norske rosemalingsmønstrene, rosemaling, blomster, trær, ruller, og naturen fremstår og beveger seg på kirkens arkitektur, noe som gjør den til et vakkert sted for å opprettholde gammeldagse levemåter i dag. .
Noémi Prud’homme er en fransk billedkunstner som jobber med papir og lys. Hun utforsker fantasien ved å bruke optiske illusjoner med ornamenter og uendelige mønstre. I sitt videomapping-kunstverk samarbeider hun med Yohan Dumas, en fransk lydkunstner som fokuserer på improvisasjon.
Cecilie Hole, Martinus Magneson Larsen, Martin Smoge (musikk)
Stad: Framfor den gamle Maråk-låven, Geiranger sentrum.
re:Live er ein video- og materialbasert kunstinstallasjon; ein tenkt samtale om transformasjonen frå død til liv i den syklusen alle organismar er ein del av. Installasjonen består av hodeskallar, videoprojeksjon og musikk.
Hodeskallane er frå storfe funne i restar av slakteavfall som truleg vart dumpa i naturen på 1970-tallet. Desse er montert på veggen og ordna i eit rektangulært mønster. Den blir deretter opplyst av projektorar med visuelle algoritmer som imiterer grunnleggjande organiske funksjonar. Verket inviterer betraktaren til å stille spørsmål om si eiga forståing av livets syklus, staden mellom liv og død, transformasjon og forgjengelegdom samt forhaldet til naturen. Ved å tilføre musikk til verket får opplevinga endå ein dimensjon og tek publikum med på ei utvida reise gjennom fleire uttrykk og refleksjonar.
Alle tre kunstarane er basert på Vestlandet. Verket i den form det vert framført under Geiranger lyskunstfestival er unikt og får si førstegongsframsyning her.
Mads F.L. Nilsen / Projektorpøblene
Stad: Fossevandring Geiranger
“Vi ser deg” er en fengslende audiovisuell installasjon som er laget spesifikt for Storfossen i Geiranger. Mot et bakteppe av smeltende is og drønnende fossefall kommenterer installasjonen både det vakre og det destruktive i naturen. Samspillet mellom lys og fossefall skaper en dynamisk komposisjon som inviterer til kontemplasjon og ettertanke.
Arkitekt: Linda Emdal, Lysdesign: Zenisk og 1. – 7. klasse ved Geiranger Skule
Stad: Geiranger sentrum
Dette verket er ein del av Lys i hus-prosjektet til Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, og dei små bygningane skal plasserast på mørke stader i bygda som små lyspunkt i den kalde og mørke årstida. Lyshusa er alle modellar for faktiske hustypar du finn i verdsarvbygda og er bygde i massivtre. I høve Geiranger lyskunstfestival vert dei samla til eit fellesskap og vil danne ei lysande bygd i bygda, eit tydeleg symbol på samhald, levande bygdesamfunn og ein tydeleg visjon om ei bygd med lys i alle hus!
Birk Nygaard
Stad: Geiranger sentrum
Lysekronen «octalines» er en kreativ sammensetning av konvensjonelle fasadebelysningslamper. Åtte individuelle lamper kaster linjer av lys i 180 grader hver, 360 grader rundt sin akse. Konstellasjonen av flere slike lysekroner kaster lys og skygger rundt der publikum passerer. Lampene plasseres ut gjennom Lysfestivalens rute gjennom Geiranger.
Those Guys Lighting (LT)
Stad: Geiranger camping
Når lysdesignarane i Those Guys Lighting (Latvia) startar på eit verk er det alltid ut frå ein plan om å skape noko verkeleg episk, og ein kan trygt seie at dei har lukkast med det her. Ikkje så mykje med tanke på storleik og grandiositet men med verkets sanselege evne til å framkalle den ro og meditative atmosfære som gjer solnedgangen så spesiell. Og med fjorden og fjella som ramme og bakteppe er dette kunstverket også eit vakkert motiv for fotografar, og perfekt for Instagram.
Birk Nygaard
Stad: Geiranger
Som menneske har vi alle eit anker, – ei heimbygd kor alle våre band startar. Ei bygd har også eit anker, – eit levegrunnlag. Fjorden er havets anker og havet er alle menneskers livsgrunnlag. Mellom «Hotel Union Geiranger» og forankringspunktet i munninga av elva installerer Birk Nygaard til festivalen ei symbolsk forankringslinje av lys.
Randiane Aalberg Sandboe
Stad: Geiranger
Moon er eit kunstverk laga av lysdesignar Randiane Aalberg Sandboe i samarbeid med utstillingsarkitekt Geir Olav Sebjørnsen for Fjell Festning Lysfestival i 2020. På Fjell Festning vart verket projisert på eit enormt lerret ute i naturen. Under den kunstneriske prosessen kom det ein lengsel «etter å bringe månen ned fra himmelen», for å komme nærare den. Med hjelp frå lysdesignaren sin måte å bruke naturskjønne effektar på, og utstillingsarkitekten sin måte å «tenkje stort» på, fekk månen ein varme som lyser i mørket – og ei gjennomsiktigheit som utforskar kva som ligg bak det vi vanlegvis ikkje kan sjå… Kva ser du? Dette vakre kunstverket besøkte Geiranger i 2023, og vi er glade for å ønske det velkommen tilbake.
Dalsbygda og Geiranger barnehagar i samarbeid med lyskunstfestivalen
Stad: Gågata
I dette verket presenterer vi ung, herleg skaparglede og kreativitet. Born elskar å skape og uttrykkje seg gjennom kunst, fargar og lys. I verket «Fargespel» presenterer våre yngste eit verk fullt av livsglede, fargesprakande skaparglede og lys.