SPOR

SPOR, konseptet for Fjord Geiranger 2022, er inspirert av naturen sine element. Ved hjelp av lys, videokunst og lyd tolkar og formidlar SPOR Geiranger si historie der det unike landskapet har blitt forma av elementa i millionar av år.

SPOR presenter kunstverk av norske og internasjonale kunstnarar

Utstillinga er open mellom
19:00-22:00 den 3.-5. mars.

Ligh3ence

Silje Thorsager Østby og Robert Bogard / NO

Elementer

Philipp Frank / DE

Lyssti

Anastasia Isachsen / NO

Lydlandskap

Nils Petter Molvær / NO

Circa

Limbic Cinema / UK

Orden & Kaos

Tomas Vanz / DE

Utstillinga er open mellom
19:00-22:00 den 3.-5. mars.

Fjord Geiranger 2022 er støtta av Sparebanken Møre
og Møre og Romsdal fylkeskommune

Kuratering og produksjon: Fjord Studio
Teknisk leverandør: Konsertsystemer LLB

Ligh3ence

Silje Thorsager Østby, Robert Iversen Bogard, Øivind Knutsen for Signify / NO

Ved å ta publikum med på ei mystisk reise gjennom lys og tåke, utforskar installasjonen det optiske fenomenet Brockenspekter som oppstår i ei tåkete fjellside eller i skogen. Ved å hente inspirasjon frå dette fantastiske fenomenet, tek Ligh3ence deg med på ein eventyrleg oppleving, og skapar eit mystisk og engasjerande spel av lys, skygge og tåke.

Silje Thorsager Østby har lang erfaring innan arkitektonisk belysning og lysdesign, og har jobba med eit bredt spekter av lysprosjekt som spenner mellom; arkitektonisk- og urban belysning, geriljabelysning og lysinstallasjonar i inn- og utland.

Robert Iversen Bogard har ei lang og tverrfaglig erfaring innan arkitektur og byutvikling og har vore med på ein rekke installasjonar, både i Norge og i utlandet. 

Øyvind Knutsen har brei erfaring frå Engineering med spesialisering innan system- og lysdesign og kombinerar praktisk kunnskap med kunstnerisk subtilitet. 

Lysdesign og konsept: Silje Thorsager Østby, Robert Iversen Bogard, Øyvind Knutsen

Lysstyring: Øyvind Knutsen, Lars Kristian Nygård, Simon Benno Sæther, Silje Thorsager Østby

Rådgivarar: Ole Gunnar Vinger, Robert Iversen Bogard

Konstruksjon og design: Flexiform

Elementer

Philipp Frank / DE

Elementer er eit kunstverk med projeksjoner på natur: steinar og is blir naturlege projeksjonsflater.  Elementer forteljer historia om dei fem elementa frå antikken: ild, jord, luft, vann og eter. Animasjonar skapast ved å hente inspirasjon frå organiske element på stedet, fossen, trea rundt, steinar, plantar og blader blir digitalt bearbeida til fascinerande animasjonar som projiserast tilbake i naturen. På denne måten blir den kunstneriske og naturlege verda til ei helheit som krysser grensa mellom det verkelege og det virtuelle.

Philipp Frank er ein video- og lyskunstnar frå Tyskland med røtter i “Street Art”-rørsla. Verka hans befinn seg i skjeringspunktet mellom kunst, teknologi, natur og spiritualitet. Dei siste åra har han spesialisert seg på lysinstallasjonar og utforskar nye måter å kombinere nye teknologiar og fleire kunstneriske disiplinar.

Videokunst: Philipp Frank

Rådgiver: Anastasia Isachsen

Teknisk leverandør: Konsertsystemer LLB

Lyssti

Anastasia Isachsen / NO

​​Anastasia Isachsen si kunstneriske belysning skapar ein trygg og vakker vandreopplevelse langs fossen, fremhever fascinerande naturlege omgivningar og inviterer publikum inn i ein annan magisk dimensjon. I kombinasjon med dei andre kunstneriske elementa langs fossen skaper belysninga ein varierande og fortellande lysopplevelse inspirert av vatn og landskap. 

Anastasia Isachsen er visuell kunstnar og kurator. Ho skapar videokunst for projeksjonar og lyskunst for ulike kulturprosjekt. Ho har samarbeidet i ei rekke norske og internasjonale prosjekt for festivalar, konsertar, danseforestillingar, teater, installasjonar og utstillingar. Ho er kunstnerisk ledar og grunnleggar av Fjord Studio som spesialiserar seg på å kuratere og produsere lyskunstproduksjonar i Norge og internasjonalt. 

Lysdesign og konsept: Anastasia Isachsen

Teknisk leverandør: Konsertsystemer LLB

Lydlandskap

Nils Petter Molvær / NO

På ein trollbindandee og poetisk måte skaper lydlandskapet til Nils Petter Molvær ei magisk stemning for lysinstallasjonane langs fossevandringa i Geiranger.

Lydlandskapet spelar på lag med naturen sine lydar som vatn og vind, og tolkar Geiranger si historie kor det unike landskapet har vorte forma av naturen sine element gjennom millionar av år.

Nils Petter Molvær, norsk trompetist, komponist og produsent tek flere musikkstilar – jazz, ambient, house, elektroniske og breakbeats, samt elementer frå hiphop, rock og popmusikk – og omformar dei til unike og dramatiske lydlandskap med djup intensitet.

Molvær reknast som ein pioner innan elektronisk jazz og har motteke ein rekke prisar. Han har komponert musikk for film, teater og dans, i tillegg til lydinstallasjonar.

Circa

Limbic Cinema / UK

Circa er ein storskala lysskulptur som utforskar døgnrytmer og reflekterar nivåer på lyset gjennom eit døgn på ein bestemt stad. Kvar av dei tolv lysarmatura representerer gjennomsnitteleg lysfall over ein månad i året på stader der Circa er utstilt. På denne måten blir Circa ei tredimensjonal klokke som reflekterar dei lyse og mørke syklusane på steden.

Lys er den primære zeitgeber (tidsgivar) og er difor den mest ansvarlege faktoren for døgnrytmer i fleircella livsformer som planter, dyr og mennesker.

Skulpturen er akkompagnert av eit synkronisert lydbilete av Joe Acheson (Hidden Orcestra)

Circa er utvikla med støtte frå forskaren Anne Vischer som ein del av The Wonder Project ved Wakehurst Gardens i Storbritannia.

Limbic Cinema er eit multimedia designstudio frå Bristol. Studioet sitt arbeid er internasjonalt anerkjent og dei har vunne fleire internasjonale prisar. Studioet benyttar seg av banebrytande verktøy og oppslukande teknologi for å transformere rom og skape fascinerande, meiningsfylte og minneverdige opplevelsar gjennom bruk av lys, lyd og levande bilete.

Konsept og utførelse: Limbic Cinema

Musikk: Joe Acheson (Hidden Orchestra)

Orden & Kaos

Thomas Vanz / DE

Framveksten av mønster i kaos eller måten vi forelskar oss på.

Ekte skjønnheit er overalt. Vanskelig å nå, flyktig og mystisk, eller rett og slett skjult for oss, avslørt på ein blunk eller nokre få gangar varar den evig, den formar vår evne til å føle, observere og undre oss over naturen og andre vesen.

Men klarar vi det fortsatt? Det moderne livet har svekka augene våre, sløra merksemda vår, nattehimmelen er blitt utsletta av byen sine lys, støy forstyrrar stillheita stadig meir.

Alt går så fort at det krevjar mykje energi å fryse blikket og tenke over kva universet har å tilby.

Som eit kjærleiksbrev til kontemplasjon er Orden & Kaos eit forsøk på å avsløre den skjønnheita vi gløymde eller ignorerte, kor skjør og verdifull den sitt nærvær er, og kvifor folk gradvis mistar den.

Thomas Vanz er ein fransk regissør som med filmane sine fortel historier om kosmos si historie ved kun å produsere visuelle effektar med blekk, pigment og andre kjemiske produkt. Hans verk “Verse”, eit unikt stykke i 270°-format, vart vist på Atelier Des Lumières i eit heilt år for tusenvis av besøkande.

Regi: Thomas Vanz

Stemme: Grace Hopkins

Musikk: Max Cooper & Thomas Vanz