Lyskunstutstilling

 Geiranger 2026

Utstillinga er open mellom
18:00-22:00 den
13.-22. februar 2026.

Ribbemanetar

the&

The Knot

Anze Krec

Shapes

Aleksandra Stratimirovic

Det som bur i fjellet, det som våkner i fossen

Mads F.L.Nilsen / Projektorpøblene

Mycelium Field

Matej Bizovicar

Insomnia

CMC

Bloom

Ant Dickinson

Shining Fields

Those Guys Lighting

Divine Geometry

Those Guys Lighting

Ringar Rundt Verda

Birk Nygaard

Let there be light

Blekksprut1

Korall

Hyke Studio og Biota Naturkompetanse/ROVas

Fosserôk

Sindre Stølsdokken

Periskop

Hyke Studio

Mørketid

Regina Fe

Utstillinga er open mellom
18:00-22:00 den 13.-22. februar 2026.

Hovudsponsor:  Sparebanken Møre 

the&

Ribbemanetar

Ei sansande installasjon av svevande og lysande ribbemanetar i ulike storleikar. Inspirert av den biologiske transformasjonen frå larve til manet, og korleis dei veks i tusental under rette forhold. I møte med fjordlandskapet i Geiranger blir verket ei rørsle av lys og lyd, der natur møter kunst i eit felles rom.

Anže Kreč

The Knot

Anže Kreč er ein lyskunstnar som arbeider innan teater, film, arkitektonisk lysdesign og lysinstallasjonar. Arbeidet hans utforskar lyset si evne til å forvandle rom, persepsjon og kjensler. Som medlem av Lighting Guerrilla og borgar av NSK (Neue Slowenische Kunst), tek han i bruk eksperimentelle og konseptuelle tilnærmingar til lys og belysning.

The Knot er ein sjølvforsynt lysinstallasjon som knyter saman den analoge og digitale verda gjennom ei fleirdimensjonal sløyfe.
Deltakarane vert inviterte til å reflektere over både samfunnssystem og personlege strukturar – ved å produsere energi manuelt med sveivgeneratorar. Dette vert visualisert gjennom ein sentral, lysande skulptur.

Aleksandra Stratimirovic

Shapes

Ei stadspesifikk rominstallasjon, i samarbeid med Marine Recycling Center i Sotenäs, Sverige.

Shapes er former inspirert av vindens rørsle og dei stadig skiftande straumane i havet. Gjennomsiktige figurar laga av gjenbrukte fiskereiskapar svevar i rommet, levandegjort av lysleik og vinden si koreografi.

Verket er ei vidareføring av Underworld, vist i Geiranger i 2023 – eit møte mellom kunst, natur og gjenbruk, der form, stad og rørsle står i sentrum. 

Projektorpøblene

Det som bur i fjellet, det som vaknar i fossen

I møtepunktet mellom lys, lyd og landskap ligg årets verk frå ProjektorPøblene. Installasjonen tek utgangspunkt i fjorårets arbeid i Storfossen – eit verk der idé og materiale blei forma på staden, i direkte dialog med is, vatn og stein.

I år går prosjektet djupare inn i fossens strukturar. Lys og lyd vert brukte til å skilje ut og framheve ulike element – stein, is, vatn – som eigne stemmer i eit polyfont verk. Målet er ikkje å fylle landskapet, men å hente fram det som allereie finst der – under overflata.

Verket er stadsspesifikt og forandra gjennom tid. Det veks fram i ein slags tillit mellom kunstnar og landskap, der fossen sjølv blir ein aktiv del av uttrykket.

Publikum inviterast inn i ein audiovisuell samtale – der naturen ikkje berre vert vist fram, men svarar tilbake.

Matej Bizovicar
Musikk: Josip Marsic / Kroatia

Mycelium Field

Ein monumental installasjon med deltaking frå barn ved grunnskular i Noreg, Sverige og Slovenia.

Mycel er eit underjordisk nettverk av sopp som er avgjerande for økosystema:
Det bryt ned organisk materiale, resirkulerer næringsstoff og bind saman planterøter i eit stille og samarbeidande fellesskap. Ofte usynleg og oversett fungerer det som eit naturleg internett – eit system som utvekslar informasjon, held balansen og legg til rette for nytt liv.

Det internasjonale prosjektet Field of Mycelium er inspirert av denne naturlege logikken: nedbryting, gjenbruk og samanheng. Barn frå ulike bakgrunnar skaper lysande, sopp‑liknande objekt av resirkulerte materiale – ting som elles ville blitt rekna som avfall. Slik mycelet sjølv verkar i det stille, nyttar prosjektet kunst for å styrkje økologisk medvit, fellesskap og tverrkulturelt samarbeid.

Kvar verkstad og kvar ny utstillingsstad utvidar «feltet», som veks organisk og relasjonelt – akkurat som i naturen. Dette er ikkje berre ei estetisk utstilling, men ei levande påminning om at gjennom nedbryting, samarbeid og gjenbruk kan ei berekraftig framtid vekse fram. Sjølv frå mørkret av forureining kan noko lysande gro – om vi skaper det saman.

CMC

Insomnia

Car Crash, Insomnia, Burnout and Love er eit analogt lysshow – ei unik, audiovisuell oppleving av lyd og lys som skjer her og no. Framsyninga er både ei visuell konsertpremiere for komponist Martin Smoge sitt komande album, og eit kunstnarleg samarbeid med visuell kunstnar Cecilie Hole. Med inspirasjon frå den psykedeliske tradisjonen frå liquid light shows på 1960- og 70-talet, vert uttrykket løfta inn i ei ny tid og sett i ein ny kontekst: mellom fjord og fjell i Geiranger: Eit analogt, levande lysshow der musikk og flytande oljefargar smeltar saman i sanntid. Ved hjelp av tre overheadprojektorar, live-miksa oljefarge-komposisjonar, webkamera og projeksjon, vert det skapt ei omsluttande oppleving der lys og lyd er tett vovne saman. Musikken styrer intensitet, rytme og fargebevegelse i lyset, og det organiske, analoge uttrykket gjer kvart sekund unikt og uforutsigbart.

Ant Dickinson

Bloom

Hengande holografisk projeksjon med lyd

Frå eit sentralt punkt veks lysformer ut i lufta – som digitale plantar i stadig utvikling. Bloom er ein hengande holografisk projeksjon der veksten blir styrt av lyd. Musikken formar dei generative mønstra i sanntid, og set i gang ei visuell rørsle som aldri er heilt lik.

Verket behandlar lyd som ein skapande kraft: ikkje berre eit bakteppe, men ei drivkraft for vekst.

Ved å knyte saman organisk vekst, respons og teknologi, inviterer Bloom publikum til å sjå på vekst som noko meir enn form – som ein levande, dynamisk prosess i stadig samspel med omgivnadene.

Those Guys Lighting

Shining Fields

Kva om natta hadde draumar – merkelege, lysande og fulle av rørsle? Shining Fields inviterer deg inn i eit landskap der slike draumar får liv.

Over 400 høge lysstrå, plasserte som ville strå i eit ope landskap, pulserer i skiftande bølgjer av farge. Eit koordinert lysspel glir gjennom installasjonen, saman med eit lagvis og rikt lydlandskap. Lys og lyd beveger seg i takt, og skapar ei roleg, rytmisk stemning – ein stad mellom vind, pust og tanke.

Stråa står i eit fritt og naturleg mønster, som om landskapet sjølv har dyrka dei fram. Publikum kan gå tett på, eller observere på avstand. Nærkontakt gir ei omsluttande, nesten utanomjordisk oppleving. Sett frå lengre hald, gløder og beveger installasjonen seg som ein draum – midt mellom røynd og fantasi.

Those Guys Lighting

Divine Geometry

I sentrum av denne installasjonen står ein lysande ring av 24 laserstrålar – eit sirkelforma rom for sansing, stillheit og forvandling.

Divine Geometry er meir enn ei visuell oppleving. Det er ei reise innover. Mange av dei som har møtt verket, har blitt djupt rørt – somme til tårer. Nokre blir verande i timevis.

Den spesialkomponerte lydsporet på 30 minutt, skapt i samarbeid med den latviske lydteknikaren og prisvinnaren Pēteris Pāss, dreg publikum inn i ei rytmisk, meditativ rørsle.

Installasjonen undersøkjer samspelet mellom kompleksitet og harmoni i naturen. Ringen symboliserer liv, rytme, og den matematiske skjønheita som bind alt levande saman.

Birk Nygaard

Ringar Rundt Verda

Ringar Rundt Verda er tenkt som ei refleksjon over det vi vel å verna og halda nært. Denne første ringen etablerer grunnideen i prosjektet.

Ringen omsluttar eit levande tre og rammar inn naturen som både verdifull og sårbar. Den sirkelforma strukturen skaper eit rom for stillheit og nærvær, og inviterer dei som kjem til å stiga inn med det dei set høgast – familie, vennskap og håp.

Blekksprut1

Let there be light

«Let There Be Light» er ei stadsspesifikk, oppslukande audiovisuell oppleving projisert på veggar og tak i Geiranger kyrkje. Gjennom arkitektonisk mapping utforskar installasjonen dei unike strukturelle detaljane i kyrkja, samstundes som ho inviterer publikum til å reflektere over eigenskapane til lyset, symbolikken det ber på, og opphavet til universet og jorda.

Verket har kreativitet og utviding som kjerne, og hentar inspirasjon frå Første Mosebok kapittel 1, fysikk og filosofi. Det fungerer som ei påminning om at vi alle er laga av stjernestøv – samanbundne delar av den same store skapinga.

Installasjonen samsvarer med FNs berekraftsmål nr. 16: Fred, rettferd og velfungerande institusjonar.

Konsept, video, lyd og produksjon: blekksprut1

Hyke Studio og Biota Naturkompetanse/ROVas

Korall

Filminstallasjon projisert på veggen av Norsk Fjordsenter

Djupt nede i Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden finst eit stille landskap dei færraste kjenner til. Korall tek oss med under overflata – til eit undersjøisk økosystem filma av ROVas og Biota Naturkompetanse, og forma vidare av kunstnargruppa Hyke. Med eit meditativt uttrykk og eit lydspor som vekslar mellom musikk og naturlyd, skaper filmen ei sanseleg oppleving av eit sårbart og verdifullt miljø. Her møter publikum eit unikt samfunn av korallar, i eit nært og stillfarande portrett av livet på havbotnen – slik det faktisk ser ut, her hos oss. Projisert på veggen av Norsk Fjordsenter, ved den rennande bekken, vert filmen eit roleg rom for undring og innsikt. Publikum kan gå forbi, stanse opp eller setje seg ned – og ta del i ei verd som vanlegvis ligg skjult.

 
———–

Om de vil, kan de sjå utklipp av originalopptaka av korallar i Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden:
https://youtu.be/lDdwYKEz56g

Sindre Stølsdokken

Fosserôk

Der fossen møter lufta, oppstår noko nytt: ein svevande, formlaus rørsle – damp, dis, andedrag. Fosserôk lyser opp det flyktige rommet mellom vatn og luft, og løftar fram ei anna side av naturkreftene: det varsame, det gåtefulle, det som forsvinn idet du ser det.
 
Installasjonen nyttar lys og skugge til å forsterke dampen og røyken som stig frå det nedre partiet av fossen ved Gjørva. I staden for å fokusere på fossens styrke, vender Fosserôk blikket mot det uhandgripelege – dei lette strukturane, dei viskande rørslene.

Hyke Studio

Periskop

Det omvende periskopet lét oss sjå – ikkje mot overflata, men ned i djupet av fjorden, der eit nyleg oppdaga korallrev veks på om lag 200 meters djup i Geirangerfjorden.
 
Desse bileta avdekkjer varsamt ei sårbar og skjult verd som finst utanfor det vi vanlegvis oppfattar i kvardagen – og minner oss på kor mykje som framleis er usett, ikkje fordi det ikkje har eksistert, men fordi vi ikkje har sett nøye nok etter.
 
Verket er eit kunstnarleg inntrykk basert på opptak av eit undersjøisk økosystem filma av ROVas og Biota Naturkompetanse.
 
———–

Om de vil, kan de sjå utklipp av originalopptaka av korallar i Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden:
https://youtu.be/lDdwYKEz56g

Regina Fe

Mørketid

Plassering: utvalde stader i festivalløypa
 
Mørketid er ei serie store, tekstbaserte illustrasjonar om indre lys i den mørkaste årstida. I staden for dramatiske effektar eller avansert lysteknologi, nyttar verket enkle og ærlege bodskap som set ord på å vere trøytt, på venting og tomrom – og den langsame prosessen med å byrje på nytt.
 
I samanheng med ein lyskunstfestival nærmar Mørketid seg lys som noko indre, ikkje berre teknisk. Verka lyser ikkje av seg sjølve, men vert varsamt opplyste, og skaper ein enkel og ærleg dialog mellom indre lys og fysisk lys. Tekstane er korte og direkte, og gir rom for ei stille pause og eit augeblikk av attkjenning.
 
Verket er skapt i samarbeid med kunstnaren sin son. Dei abstrakte bakgrunnane vart måla av han då han var tre år gamal, og vart seinare utvikla vidare til komposisjonar med tekst. Prosjektet blir slik ein samtale på tvers av generasjonar – mellom sårbarheit og styrke.