13. - 22. februar 2026 i Geiranger

Utstillinga er open kl. 18:00-22:00 desse dagane.

Informasjon / FAQ

Festivalutstillinga er gratis for alle.
Utstillinga er open kvar dag mellom kl. 18 og 22. Første opningsdag er 13. februar, og siste opningsdag er 22. februar.
Vi presenterer ei storskala utstilling med lyskunstverk presentert i naturen i Geiranger. Utstillinga strekkjer seg frå Geiranger sentrum, via Fossevandringa opp til Norsk Fjordsenter, samt kunstverk inne i Geiranger kyrkje.
Brasserie Posten, Café Olé, Norsk Fjordsenter og Hotel Union Geiranger er gode stadar å ete. Sjekk nettsidene deira for menyar og opningstider. Joker Geiranger har òg eit lite kaféområde.
Berekraft, Smart fjord

Kunst- og kulturopplevingar begeistrar oss. Dei er både impulsar til personleg vekst og til samfunnsutvikling. Spektakulær natur får folk til å komme – kultur får folk til å bli. Kulturnæring- og kulturturisme skal gje nytt innhald til ei kjent, nasjonal merkevare som Geiranger og Geirangerfjorden representerer. Vi skal saman med våre partnarar bringe kunsten ut til fleire. Vi skal løfte våre kulturarrangement ut i verda, og bringe verda til Geiranger og regionen. Vi skal begeistre, utfordre, leike og vere seriøse.